Brev fra studenter
Studenter i USA
Oda Sofie, Seattle, Washington
Studenter i USA
Oda Sofie, Seattle, Washington
Oda Sofie, Seattle, Washington
Å delta i ein sport er veldig viktig dersom ein er utvekslingsstudent! Eg byrja på Cross Country laget som vertssystra mi var med på. Eg var litt i tvil i byrjinga, men er det noko eg saknar så er det cross country. Det var kjempe artig. Blei kjent med både gutar og jenter, og fekk ekstremt bra kondis! Saknar å springe i skogen ilag med andre og kjenne lukta av bark og skog, og så klart, sveitte!! He-he. Før jul gjekk eg på dans ein gong i veka noko som også var veldig kjekt! No har eg byrja på rugby laget, noko som også er veldig artig! Vi er alle jenter og heldigvis, alle er nye, men det gjer at laget vårt mest sannsynleg ikkje kjem til å nå toppen. Det tar litt på for vi taklar kvarandre og slenger oss ned på bakken. Skal forhåpentlegvis byrje på tennis og, men det kan hende det blir litt mykje. Men som sagt, er berre utvekslingsstudent ein gong i livet!
Elles går alt bra, fyrste semester er akkurat ferdig, og måndag begynner neste! Eg skal ha tre nye fag og er ganske begeistra for det! Skulen er OK, men eit lite tips er å ikkje velje «AP»-fag! Eg har AP engelsk og AP amerikansk historie. Og det er vanskeleg og tar mykje tid. Ta heller enkle fag slik at du ikkje har mykje lekser, og ta utveksling-året roleg!
Fekk venner ganske fort, alle er veldig hyggelege og imøtekommande! Ein snakkar med framande på bussen, folk ein ikkje kjenner, i ei kø for eit eksempel. Alle er rolege og tar seg sjølv ikkje så veldig høgtideleg, i alle fall i Seattle. Seattle er ein fantastisk by å vere utvekslingsstudent i. Ein stor by med utelljelege mogelegheiter!!
På skulen er det kjempe artig. Det er litt rart å tenkje på det, men eg gleder meg kvar dag. Det «tjok» full i gangane med ein gong bjøllene ringjer. Då er då skynde seg så fort som mogeleg til neste klasserom, om du er berre et sekund etter klokkene, får ein lunsj «detention». Ganske dumt i grunnen, for ein bruker 10 min på å gå ned til kontoret, vente i kø, og få ein lunsj «detention»-slip. Når ein i staden for berre kunne vere 1 sekund for sein... Eg begynner på skulen 7.40, noko som er veldig tidleg. Men eg må stå opp 5.50, for å rekke å ordne meg før vi må ta skulebussen. Som ja, er gul, akkurat sånn som i filmane! Det er kjempe morosamt. Men det er alt anna enn morosamt å sitje inni ein. Den humper og bumper, og har ingen lys, så det er umuleg å lese noko.
Alt i alt er dette ein topp oppleving og anbefaler alle å bli utvekslingsstudentar! Ein lærer så utruleg mykje!
Mange klemmer frå
Oda Sofie, Washington, Seattle